Legge til konfirmantane som ministrant
Slik tildeler du konfirmantar som ministrantar i gudstenester
Denne rettleiinga tek deg steg for steg gjennom korleis du opprettar ministrantoppgåver og tildeler dei til konfirmantane.
Steg 1: Opprett ministrantoppgåver (viss dei ikkje finst frå før)
- Vel Gudsteneste.
- Gå til Gudstenesteadministrasjon (1) og vel Ministrantoppgåver (2) i nedtrekksmenyen.

- I dialogboksen som kjem opp ser du eksisterande oppgåver. Her kan du:
- Lagre nye oppgåver ved behov.
- Slette oppgåver det ikkje er bruk for.

Steg 2: Tildel oppgåver til konfirmantane
- Gå inn på enten Konfirmasjon eller Konfirmantliste.
- Gå til Administrasjon (1) og vel Ministrantoppgåver (2).
- I den nye dialogboksen får du opp tre element:
- Konfirmantliste
- Gudstenesteliste
- Kolonner med ministrantoppgåver

Steg 3: Koble konfirmant til oppgåve
- Marker gudstenesta du vil tildele oppgåver i.
- Marker den konkrete ministrantoppgåva du vil fylle.
- Marker konfirmanten som skal ha oppgåva.
- Klikk på knappen Legg til ressurs.

Tips: Konfirmantar som har fått tildelt ein ministrantjobb i den valde gudstenesta blir markerte med grøn farge.
Oppdatert på: 19/08/2026
Tusen takk!