> ## Knowledge Base Index
> Fetch the complete knowledge base index at: https://support.kirkedata.no/sitemap.xml
> Use this file to discover available pages before exploring further.
> Pure-Markdown content can be obtained by appending a '.md' suffix to the content URLs listed in the sitemap (without the trailing slash).

# Legge til konfirmantene som ministrant

# Slik tildeler du konfirmantar som ministrantar i gudstenester
Denne rettleiinga tek deg steg for steg gjennom korleis du opprettar ministrantoppgåver og tildeler dei til konfirmantane.

### Steg 1: Opprett ministrantoppgåver (viss dei ikkje finst frå før)
1. Vel  **Gudsteneste**.
2. Gå til **Gudstenesteadministrasjon** (1) og vel **Ministrantoppgåver** (2) i nedtrekksmenyen.


![](https://storage.crisp.chat/users/helpdesk/website/-/c/d/a/c/cdaccf9fd0b11800/image_q6jcko.png)
1. I dialogboksen som kjem opp ser du eksisterande oppgåver. Her kan du:
    * Lagre nye oppgåver ved behov.
    * Slette oppgåver det ikkje er bruk for.

![](https://storage.crisp.chat/users/helpdesk/website/-/c/d/a/c/cdaccf9fd0b11800/image_m2o3si.png =500x197)
### Steg 2: Tildel oppgåver til konfirmantane
1. Gå inn på enten **Konfirmasjon** eller **Konfirmantliste**.
2. Gå til **Administrasjon** (1) og vel **Ministrantoppgåver** (2).
3. I den nye dialogboksen får du opp tre element:
    * **Konfirmantliste**
    * **Gudstenesteliste**
    * **Kolonner med ministrantoppgåver**

![](https://storage.crisp.chat/users/helpdesk/website/-/c/d/a/c/cdaccf9fd0b11800/image_xkyhx7.png)
### Steg 3: Koble konfirmant til oppgåve
1. Marker gudstenesta du vil tildele oppgåver i.
2. Marker den konkrete ministrantoppgåva du vil fylle.
3. Marker konfirmanten som skal ha oppgåva.
4. Klikk på knappen **Legg til ressurs**.

![](https://storage.crisp.chat/users/helpdesk/website/-/c/d/a/c/cdaccf9fd0b11800/image_xqauc0.png)

> **Tips:** Konfirmantar som har fått tildelt ein ministrantjobb i den valde gudstenesta blir markerte med **grøn farge**.
